Du kan når som helst be om at kontoen og personopplysningane dine (namn og e-post) blir sletta. Observasjonane dine blir då gjorde anonyme.
I appen (raskast)
Logg inn, opne menyen og gå til Innstillingar. Nedst vel du «Slett kontoen min». Du blir logga ut med ein gong, og kontoen blir verande i 14 dagar før han blir sletta for godt — loggar du inn att innan då, blir slettinga avbroten automatisk.
Logga inn med Facebook
Du kan òg gå inn på Facebook → Innstillingar → Appar og nettstader og fjerne «Reinsmelding». Då sender Facebook automatisk eit slettekall til oss, og kontoen din blir sletta.
Via e-post
Får du ikkje logga inn, kan du sende ein e-post til reinsmelding@bitit.no frå e-postadressa du loggar inn med, og skrive at du vil slette kontoen. Vi slettar opplysningane og stadfestar når det er gjort.
Anonyme observasjonar
Observasjonar du registrerte utan å logge inn er ikkje knytte til namn eller e-post. Vil du fjerne ein slik observasjon, slett han frå eininga du registrerte han på, eller kontakt oss.
Spørsmål? reinsmelding@bitit.no · Personvernerklæring