Jegarhandboka

Utstyr, vêr og tryggleik

Pakkliste, fjellvett, navigasjon og kva du gjer om noko går gale.

Pakkliste (minimum)

Du treng ikkje det dyraste utstyret for å dra på reinsjakt. Det du treng er ein stor og god sekk, ein kikkert du ser godt med, klede som held deg varm og tørr gjennom ein lang dag, kart og kompass, litt fyrstehjelp, ei rifle du kjenner godt og har skote mykje med, ein skarp kniv, og ein fjellduk eller vindsekk til når vêret slår om.

Vêr og fjellvett

Vêret i høgfjellet skiftar fort, og september kan gje snø, tåke og storm. Følg vêrmeldinga (appen har vêrmelding og vindhistorikk for området), planlegg etter evne, og snu i tide. Meld frå kvar du går og når du er venta tilbake.

Navigasjon og naudsituasjonar

Nødnummer: 113 (medisinsk), 112 (politi), 110 (brann). Når du ringjer, treng dei posisjonen din som koordinatar. «Vis posisjonen min» i posisjonsmenyen (🧭) i appen viser koordinatane store og tydelege i formatet naudetatane brukar, og verkar òg utan dekning så lenge GPS-en har fiks.

Sjekk mobildekninga der du skal jakte. Er dekninga dårleg, avtal faste møtepunkt og -tider med jaktkameratane.

Bering og transport

Ver realistisk om kor langt du kan bere. Skyss med hest, båt, traktor eller helikopter kan avtalast i «Skyss og transport» i appen, der òg transportørane i området er lista.