Slakting av reinsdyr i felt
Vomming, kjøling, prøver og bering — steg for steg, så kjøtet blir godt.
Generelle råd. Prøve for skrantesjuke (CWD) er påbode for all felt villrein på eitt år og eldre i alle villreinområda; kjeveinnlevering gjeld i overvakingsområda. Detaljar om innlevering får du med kontrollkortet — sjekk med villreinutvalet ditt før jakta.
Før du byrjar
- Sjekk at dyret er dødt: stikk varsamt i auget med ein pinne — blunkar det ikkje, er det dødt. Er du usikker, avliv med eit raskt skot i overgangen mellom hovud og nakke.
- Skjer kontrollkortet FØR du byrjar å slakte: skjer/klipp ut dato og dyretype. Ikkje flytt på dyret før det er gjort. Ha kortet og merkelappen klare til prøvane.
- Rekkjefølgja er: kortet → VOMMA UT STRAKS → så resten (prøver, flåing, partering) i roleg tempo. Avbløding trengst berre ved dårleg treff (sjå under).
- Ha klart: skarp kniv (gjerne to) og slipestein, eingongshanskar, kjøtnett eller reine kjøtsekker, snøre, og posar/utstyr til prøver.
- Jobb på reinast mogleg underlag: legg dyret på ein stein, ein bakke eller på skinnet — ikkje i gjørme og myr.
- Hugs at kjøtet skal på din eigen tallerken: reine hender og rein kniv, og gjerne éi «skiten» hand til skinn og innvolar og éi «rein» til kjøtet (hanskar).
Avbløding — som regel ikkje naudsynt
Eit godt treff i hjarte- og lungeregionen bløder dyret ut av seg sjølv — dei store blodårene er alt kutta, og blodet samlar seg i brysthola og kjem ut ved vomminga. Då er det ikkje vanleg å stikke dyret i tillegg.
Avbløding trengst når treffet ikkje gjev god avbløding, til dømes i nakken eller ryggen (dyret døyr, men hjartet har ikkje pumpa blodet ut). Då stikk du djupt i halsgropa framfor bringa, mot hjartet, så dei store blodårene blir kutta, og legg dyret på skrå med hovudet lågast så blodet renn ut. Gjer det straks, medan blodet enno er flytande.
Vomming — få vomma ut FYRST, og fort
Vomma til reinen er ein stor gjæringstank. Når dyret døyr, held gjæringa fram i 38–40 °C, og gassen har ingen stad å gå: vomma poser ut i løpet av kort tid, pressar mot buken, og varmen og tarmbakteriane trengjer inn i kjøtet. Difor er det éi ting som hastar etter skotet og kortet: få vomma ut. Når buken er opna og vomma er ute, har du god tid til alt det andre.
Ikkje lat dyret liggje for å ta bilete, ete niste eller vente på jaktkameratane — vom dyret ut straks kortet er skore. Er det kaldt, toler dyret ei lita stund, men ei oppblåst vom er vanskelegare å få ut heil, og kvart minutt med varme innvolar kostar kjøtkvalitet.
Legg dyret på ryggen (støtt det med steinar), og skjer eit snitt frå bringa og ned til bekkenet. Skjer grunt og MOT FINGRANE: stikk to fingrar inn i snittet, press vom og tarmar ned og bort frå kniven, og skjer med eggen opp mot fingrane, så du ikkje stikk hol på vom eller tarm. Ei oppblåst vom ligg hardt mot bukveggen — vær ekstra varsam då. Tips: ein bukopnar (kniv med kule/krok på spissen) eller ein «swingblade»-kniv med bukopnarblad gjer det mykje lettare å opne buken utan å skjere i vomma — bladet glir under skinnet og bukveggen med spissen vend bort frå innvolane.
Skjer laus endetarmen bakfrå: klem avføringa i endetarmen oppover og vekk frå der du skal kutte, kutt så og knyt han av (eller bruk snøre/strips), så det ikkje kjem avføring på kjøtet. Løys mellomgolvet, kutt spiserøyr og luftrøyr høgt oppe, og dra alt ut i eitt. Tøm brysthola for blod og legg dyret så det får luft under seg.
Tips: opne ribbekassa. Skjer opp brystbeinet på langs — på simle og liten bukk går det som regel med kniven (brusken midt i er mjuk), på storbukk treng du gjerne ei lita sag. Då ligg alt ope, og innvolane er enkle å få ut: kutt spiserøyret og luftrøyret høgt oppe i halsen, framfor svelget — du kjenner nokre små bein der, om lag som fiskebein (tungebeinet); kutt på hovudsida av dei, så held spiserøyret seg saman og lek ikkje. Ta så tak i luftrøyr og spiserøyr og dra alt ut i eitt drag, løys med kniven der det heng fast undervegs. Hjarte, lever og nyre er god mat om dei er heile og reine.
Har kula gått gjennom vom eller tarm, så skjer bort alt kjøt som har fått innhald på seg, og tørk resten med papir. Ver varsam med vatn: skyljing spreier bakteriane utover i slaktet — skyl berre der det er mykje søl, med reint vatn, og tørk godt etterpå. Vomskot er det verste for kjøtet; då hastar det endå meir å få innvolane ut.
Skjer bort kjøtet kring skotkanalen — Mattilsynet rår til ein sirkel på om lag 10 cm rundt inn- og utgangshol, fordi blyrestar frå kula sit i kjøtet.
Kjøling — det avgjerande steget
- Opne bukhola godt og hald henne open med ein pinne, så lufta kjem til.
- Legg eller heng dyret i skugge, gjerne på steinar med luft under. Aldri i sola, aldri i tett plast.
- Bruk kjøtnett mot fluger så snart skinnet er av. Flugene legg egg i løpet av minutt om det er varmt — egga ser ut som små, kvite riskorn i klasar, oftast i snitt, folder og rundt skotsåret. Ser du slike, så skrap dei av med kniven og skjer bort det som er tilgrisa. Når kjøtet har fått tørke og danna ei hinne på overflata, greier ikkje flugene å leggje egg i det — så få kjøtet luftig og tørt så fort som råd, og lat hinna vere.
- Flå medan dyret er varmt — då losnar skinnet lett, og det går fort. Er det varmt i lufta, får det òg ned temperaturen raskare. Er det kaldt og du vil bere med skinnet på for å halde kjøtet reint, går det an, men flåinga blir tyngre når dyret er kaldt.
Skrantesjuke-prøve (CWD) — påbode for all rein 1 år og eldre
Skrantesjuke (CWD) blei påvist på villrein i Nordfjella i 2016 og seinare på Hardangervidda. For å oppdage sjukdomen tidleg og kunne friskmelde bestandane skal det takast prøve av ALL felt villrein på eitt år og eldre, i alle villreinområda. Prøveutstyret (skei og prøveglas) og merkelappen får du saman med kontrollkortet.
Prøven er to delar som skal i SAME prøveglas: hjerneprøve og lymfeknutar. Hjerneprøven tek du med den utleverte skeia gjennom ryggmargsopninga i bakhovudet (der ryggmargen går inn i skallen) etter at hovudet er skore av — før skeia inn og skrap ut hjernevev. Lymfeknutane (svelglymfeknutane) sit i området mellom svelget og kjevebeinet, éin på kvar side; løys dei ut med kniven og legg dei i glaset saman med hjerneprøven.
Fest merkelappen frå kontrollkortet på prøven — strekkoden koplar prøve, jeger og dyr. Hald prøven KJØLIG, men ikkje frosen. Send han frå postkontor med «ekspress over natt»-frankering, helst måndag–torsdag så han ikkje blir liggjande over helga.
Registrer prøven på hjorteviltregisteret.no med jegernummer, fødselsdato og nummeret på merkelappen. Prøvesvaret finn du same stad. Vent med å ete kjøtet til svaret er klart om du er i tvil — kjøt frå smitta dyr skal ikkje etast.
Kjelde: villrein.no/jakt (Norsk villreinsenter), skrive om med eigne ord.
Kjeve, slaktevekt og rapportering
- I overvakingsområda (m.a. Setesdal-Ryfylke, Hardangervidda, Rondane, Snøhetta, Knutshø og Forollhogna) skal underkjeven leverast for aldersbestemming. Reinsk og tørk kjeven, fest den vesle merkelappen, og pakk han ALDRI i plast.
- Slaktevekt på kalv er eit viktig mål for forvaltninga: veg dyret utan innvolar, skinn, hovud, blod og leggbein — bruk elektronisk vekt.
- Meld fellinga i appen «Sett og skutt» eller på Hjorteviltregisteret. Last ned appen og legg inn valdet FØR jakta — ho verkar utan dekning.
- Kontrollkortet skal vere skore (dato og dyretype) før dyret blir transportert — helst straks etter skotet.
Kjelde: villrein.no/jakt (Norsk villreinsenter), skrive om med eigne ord.
Smittevern i sonene
- Flytt ikkje slakteavfall eller skrottar ut av smittesonene — følg reglane som gjeld for området.
- Reingjer kniv, sekk og utstyr etter jakta, særleg om du jaktar i fleire område.
- Saltslikkestein, fôring og luktstoff av hjorteurin er forbode.
Kjelde: villrein.no/jakt (Norsk villreinsenter), skrive om med eigne ord.
Partering og bering
Ei vaksen simle eller ein bukk er for tung til å bere heil for dei fleste. Del dyret i handterlege stykke: dei fire låra/bogane, ryggen og sidene. Bruk bæremeis og gå heller fleire turar enn å slite deg ut — lange tunge bæringar i ulendt terreng er ei av dei vanlegaste årsakene til skadar under jakta. Ta det tyngste fyrst medan du er utkvilt.
Ligg dyret langt frå veg, kan skyss vere eit alternativ — sjå «Skyss og transport» i appen.
Heime
Heng kjøtet tørt, kjøleg og luftig (helst 2–6 °C). Tommelfingerregel for mørning er 40 døgngrader (temperatur × dagar — t.d. 4 dagar ved 10 °C eller 10 dagar ved 4 °C), men mange reinsjegerar mørnar lenger, gjerne 60–70 døgngrader: reinskjøt er magert og toler det godt, og blir mørare. Vurder lengre mørning om du har kjøleg og tørr plass. Ikkje for rask nedkjøling det fyrste døgnet — det stoppar den naturlege mørninga. Sjekk jamleg for sur lukt og mugg. Rein handtering i felt er det som gjer at dette blir godt — og at du ikkje skaut ein bukk i brunst (sjå tipsa til nye jegerar).